Sotvegen – nye eigarforhold?

Hei,

Skjåk Kommune sette for eit år sidan ned ei arbeidsgruppe for å sjå på framtidige eigarforhold for Sotvegen (Klikk her for bakgrunnsinfo om dette ).

I juni sende dei ut eit høyringsbrev der dei tilrår nedklassifisering og overtaking av private interessentar (Klikk her for å sjå høyringsbrevet fra Skjåk Kommune).

Styret i Lidar Vel er skeptiske til dette og ynskjer primært at dagens ordning med Skjåk Kommune som eigar og driftar av vegen held fram. Her er svaret vi sendte på høyringsbrevet: Lidar Vel sitt svar på høyringsbrevet.

Vi i styret kjem til å fylgje denne saka tett framover, og kjem attende med meir info etterkvart.

Helsing Styret.